Total-Bygg leverer nøkkelferdige bustader frå vår eigen huskolleksjon, og vår målsetnad er å levere den høgste kvaliteten på marknaden relativt til pris. Alle hustypar kan leverast i tre ulike utvendige design, og konseptet vårt gir kundane stor valfridom og fleksibilitet for personlege tilpassingar. Som huskunde med Total-Bygg skal du vere trygg på at vi er til stades både før, under og etter byggeprosessen. Vi skal levere hus med høge bruks- og vidaresalsverdiar, og vi skal yte ei høg grad av service og byggfagleg integritet.
Noko av det viktigaste i livet er heimen. Der du er deg sjølv, kanskje skaper familie, ser barn vekse fram. Alle kvardagane. Festdagane.
I 65 år har Total-Bygg Hjørungavåg AS bygd husa folk har flytta inn i og levd liva sine i. Dette er historia om ei av dei aller viktigaste bedriftene i Hjørungavåg.
OPPLEV HUSMODELLANE SOM VIRTUELL 3D

Opplev tidlegare hus som VR-modellar. Vi har VR-fotografert nærare 40 tidlegare prosjekt, og oppdaterer galleriet jamnleg.
Total-Bygg Hjørungavåg
Total-Bygg var starta i 1958, og har over 65 års erfaring innan byggefaget. I desse åra har vi bygd flest hus i Hareid og Ulstein, men også på Nordmøre og i Oslo. Vi er i dag etablert som ein av dei største utbyggjarane på Søre Sunnmøre.
Kontaktinformasjon
Hjørungavågvegen 51
6063 Hjørungavåg
Tel: 41 21 80 85
E-post: thorove@total-bygg.no