- HUSTYPE
- Hovudinngang
- Tomtetype
- Bruksareal (BRA) Standard type
- Bustadareal (P-rom) Standard type
- Bruksareal (BRA) Signatur
- Bustadareal (P-rom) Signatur
- Antal soverom
- Antal stover
- Antal bad
- Vaskerom
- Veranda
- Garasje
- Etasjar
- EDVARD
- 2 Etasje
- Skrå
- 177 kvm
- 150 kvm
- 186 kvm
- 159 kvm
- 3 – 6
- 2
- 2
- Ja
- 13 – 70 kvm
- Frittståande
- 2
Aktive Edvard
Edvard tek ein del plass, er eit midtpunkt, smilande og aktiv. Han bur godt i dette huset, som både er stort, har eit flott og moderne design, gode opphaldsrom og plass til både fastbuande og gjestar.
Bestseljaren hustype 1 EDVARD er ein moderne og tiltalande einebustad med eit funkisprega uttrykk. Huset har eit totalt areal på 177 kvm (BRA), i tillegg til ein stor altan på andre plan på ca. 50 kvm.
Planløysingane er gjennomarbeidde, og ikkje ein kvadratmeter er bortkasta! Huset har stove og bad i begge etasjar, og moglegheit for heile seks soverom. Dette, kombinert med stort vaskerom og to praktiske boder, gjer at huset tilfredsstiller dei fleste krav til både funksjonalitet og design.
Planløysing med skiljevegg i 1. etasje
Hustype 1 EDVARD har store moglegheiter for individuelle tilpassingar. Nokre vel å bruke ein del av kjellarstova til eit ekstra soverom. Andre ønskjer vegg ved trappa som eit lydskilje mot opphaldsromma i etasjen over. Det er også moglegheit for sokkelleilegheit i huset.
Med plass til det meste
Hustype 1 EDVARD oppfyller dei fleste behova. Modellen har blitt svært populær blant småbarnsfamiliar, men og blant vaksne par som ønskjer plass og rom til å dyrke kvalitetstid og hobbyar både innandørs og utandørs.
Moglegheit for rullestolheis
Modellen kan leverast med rullestolheis med sjakt. Det er også mogleg å prosjektere inn ei utsparing i bjelkelaget slik at rullestolheis enkelt kan monterast på eit seinare tidspunkt. Med ei slik moglegheit vert trappar inga hindring.