- HUSTYPE
- Hovudinngang
- Tomtetype
- Bruksareal (BRA) Signatur
- Bustadareal (P-rom) Signatur
- Antal soverom
- Antal stover
- Antal bad
- Vaskerom
- Garasje
- Etasjar
- Heis
- FRANK
- 1 etasje
- Skrå (bratt)
- 235 kvm
- 158 kvm
- 3 (4)
- 2
- 2
- Ja
- Ja (Integrert)
- 3
- Ja – løfteplattform med sjakt
Humørspreiaren Frank
Frank er ein flott fyr med godt humør, glimt i auget og kunnskap om det meste. Han har mange (!) hobbyar, og treng plass til å dyrke desse. Frank set også pris på å kunne slappe av for seg sjølv, i fred og ro men likevel i sentrum. I dette huset kan Frank leve godt og enkelt, i fred og ro men med nærleik til det meste.
Praktisk kvardagsluksus
Hustype 12 FRANK er ein vertikaldelt tomannsbustad med eit bruksareal på heile 235 kvm (BRA) for kvar leilegheit, i tillegg til at kvar seksjon disponerer to store balkongar.
Til tross for det luksuriøse inntrykket og den høge standarden, er det likevel kanskje dei praktiske løysingane som er mest imponerande: Bebuarane køyrer direkte inn i eigen carport, og har derifrå (via gasstett konstruksjon) direkte inngang til bustaddelen i eige hus. Begge seksjonane har eiga rullestolheis / løfteplattform med glassjakt.
Planløysingane er gjennomarbeidde, men det er også mulig å tilpasse huset etter eigne ønskjer. Huset har stove og bad i begge etasjar, og moglegheit for opp til 4 soverom. Dette, kombinert med stort vaskerom og to praktiske boder, gjer at huset tilfredsstiller dei fleste krav til både funksjonalitet og design.