- HUSTYPE
- Hovudinngang
- Tomtetype
- Bruksareal (BRA) Standard type
- Bustadareal (P-rom) Standard type
- Bruksareal (BRA) Signatur
- Bustadareal (P-rom) Signatur
- Antal soverom
- Antal stover
- Antal bad
- Vaskerom
- Veranda
- Garasje
- Etasjar
- ELLEN
- 1 Etasje
- Skrå / Flat
- 148 kvm
- 126 kvm
- 164 kvm
- 142 kvm
- 3 – 6
- 2
- 2
- Ja
- 14 – 70 kvm
- Frittståande
- 2
Smarte Ellen
Ellen er lita og forsiktig, men samstundes vakker, sosial og klok. Morosam også! Dette er ein bustad med masse plass, fornuftige og arealeffektive løysingar. Fin og stilrein.
Ein liten gigant
Hustype 2 ELLEN er ein moderne einebustad med store glasflater og reine linjer og fasader. Huset har eit totalt areal (BRA) på 148 kvm (standardvariant), eller på 164 kvm (signaturvariant). I tillegg kjem ein romsleg integrert veranda på ca. 14 kvm, samt eventuelle tilbygde verandaer.
Hustypen og løysingane er av våre best gjennomarbeidde, og har eit innhald som nesten ikkje er til å tru: Det er stove og bad i begge etasjar, og moglegheit for heile 6 soverom. I tillegg har huset eit praktisk vaskerom, og til og med arealet under trappa gjer nytte som ei romsleg bod. Her får du mykje hus for pengane!
Varierte planløysingar for ulike behov
I 1. etasje er det mange moglegheiter. Treng du alle soveromma, eller vil du nytte plassen til andre ting? Planløysinga vel du sjølv, og det er også moglegheit for sokkelleilegheit i huset. Hustype 2 ELLEN er utvikla over tid, og det er bygd mange ulike variantar av hustypen. I 2. etasje kan du velje mellom standardløysinga med bad og soverom, eller ei opa løysing der soverommet vert slått saman med stove og kjøken
Interne skiljer i huset
Hustype 2 ELLEN har ei gjennomgåande opa løysing, men lydsoner kan enkelt etablerast: Ei dør mellom entré og kjellarstove i 1. etasje vil gi eit fysisk skilje mellom opphaldssonene i huset. Dette er enkle justeringar som vert innarbeidd etter avtale med kunde, og utan ekstra kostnad.
Moglegheit for rullestolheis
Hustype 2 ELLEN kan leverast med rullestolheis med sjakt. Det er også mogleg å prosjektere inn ei utsparing i bjelkelaget slik at rullestolheis enkelt kan monterast på eit seinare tidspunkt. Med ei slik tilrettelegging vert trapper inga hindring.