- HUSTYPE
- Hovudinngang
- Tomtetype
- Bruksareal (BRA) Standard type
- Bruksareal (BRA) Signatur
- Bustadareal (P-rom) Standard type
- Bustadareal (P-rom) Signatur
- Antal soverom
- Antal stover
- Antal bad
- Vaskerom
- Veranda
- Garasje
- Etasjar
- ELLEN
- 2 Etasje
- Skrå
- 148 kvm
- 160 kvm
- 126 kvm
- 138 kvm
- 3 – 6
- 2
- 2
- Ja
- 13 – 50 kvm
- Frittståande
- 2
Tone med hjarterommet
Tone er ekstremt sosial og vil ha store, gode opphaldsrom til familie og venner. Ho er raus, hjartevarm, open og humørfylt. Hos henne er døra open for alle; dess fleire gjestar dess betre.
Med plass til det meste
Hustype 7 TONE er ein mindre variant av hustype 1 EDVARD, og er også forløparen til denne hustypen. Design og innhald er likt, men medan hustype 1 EDVARD har ein storleik på 177 m2, er hustype 7 TONE noko mindre med sine 148 m2 (BRA). Til tross for dette har hustype 7 TONE dei same romma og moglegheitene som «storebror» Edvard, og det er også her moglegheiter for utvida altan på andre plan. Hustype 7 TONE byr på alt du treng – vi veit du vil trivast!
Fleksibilitet og moglegheit for separate lydsoner
Trapperommet i hustype 7 TONE knyt saman kjøken og stove i 2. etasje, og kjellarstova i 1. etasje. Løysinga er spesielt fin med tanke på at den framhevar trappa som eit «smykke» i huset. For dei som ønskjer ei mindre open løysing er det mogleg å dele huset inn i ulike lydsoner ved å etablere ein vegg ved trapperommet i 1. etasje. Opphaldsromma vert då fysisk skilde frå kvarandre, og romma kan enklare nyttast samstundes utan lydoverføring mellom sonene
Hustype 7 TONE kan også leverast med rullestolheis med sjakt. Det er eventuelt moglegå prosjektere inn ei utsparing i bjelkelaget slik at rullestolheis enkelt kan monterast på eit seinare tidspunkt. Med ei slik tilrettelegging vert trapper inga hindring