- HUSTYPE
- Hovudinngang
- Tomtetype
- Bruksareal (BRA) Standard type
- Bruksareal (BRA) Signatur
- Bustadareal (P-rom) Standard type
- Bustadareal (P-rom) Signatur
- Antal soverom
- Antal stover
- Antal bad
- Vaskerom
- Veranda
- Garasje
- Etasjar
- THORA
- 1 Etasje
- Skrå / evnt. flat
- 180 kvm
- 190 kvm
- 150 kvm
- 160 kvm
- 6
- 3
- 2
- Ja
- 14 – 50 kvm
- Frittståande
- 2
Heimekjære Thora
THORA er humoristisk, utadvendt, blid, flink, frisk i replikken, raus, gjestfri og heimekjær. Ho er velkledd og likar at alt ser pent ut. Samtidig set ho pris på gode løysingar og nok av plass til gjestar.
Alt til storfamilien
Det har vore etterspurnad etter ein større variant av hustype 2 ELLEN, og hustype 9 Thora skuffar ikkje: Med store bad og stover i begge etasjar, store soverom og utvida vaskerom/bod inneheld denne varianten alt som trengst for storfamilien. Med sine araleffektive planløysingar toler hustype 9 THORA samanlikninga mot mange større hustypar, både når det kjem til areal og pris. Her får du mykje hus for pengane.
Interne skiljer i huset
Sjølv om hustype 9 THORA i utgangspunktet har ei opa løysing, kan det enkelt delast i ulikelydsoner. Det kan etablerast dør mellom entré og kjellarstova, slik at opphaldsromma vert fysisk skilde frå kvarande. Dette er enkle justeringar som vert innarbeidde etter avtale med kunde, og utan ekstra kostnad
Ulike planløysingar for ulike behov
Som for hustype 2 ELLEN kan kunde velje mellom mange ulike løysingar. Til dømes er det moglegå velje mellom standardløysinga med bad og soverom i 2.etasje, eller ei open løysing der soverommet vert teke inn i stove-og kjøkenarealet. I 1. etasje er det mange val kring talet på soverom, og om ein ønskjer full kjellarstove eller vil nytte delar av denne til andreføremål. For dei som ikkje treng all plassen er det også for dette huset mogleg å etablere sokkelleilegheit i 1. etasje.
Hustype 9 THORA kan leverast med rullestolheis med sjakt. Det er også mogleg å prosjektere inn ei utsparing i bjelkelaget slik at rullestolheis enkelt kan monterast på eit seinare tidspunkt. Med ei slik tilrettelegging vert trapper inga hindring.