1980 - Jostein tek over

I periodar på 1950-, 1960- og 1970-talet var det lite nybygging. Ombyggingar, reparasjonar og vedlikehald sikra likevel inntektene. Etter kvart kom Knuts yngste son Jostein med i drifta, først som snikkar.

Etter kvart la Byggelaget om frå å ta enkeltoppdrag til å prosjektere og føre opp ferdige bustader. Det vart feltutbygging i Vågsleiteti Hjørungavåg i 1993. Deretter utbygging av ei tomt i Pilskog–Overå-feltet, og så vart det kjøpt tomter i Pilskog og bygging der. Men sjølv om det vart bygd hus også i Kaldholen, og huset til Karl Johan Jonsen vart ført opp på Overå, var dette eit tidsskifte med mindre aktivitet.

Det var i gang eit generasjonsskifte: Knut ville trappe ned og var på veg ut. Knut fekk kjøpt garden med buskap etter bror sin, eit halvt årsverk, noko som gav han ein triveleg kvardag dei neste åra. Etter kvart vart det også tid til hobbyen tredreiing. Samtidig var sonen Jostein Nedrelid (fødd 1953) på veg inn. Rundt 1980 vart han i realiteten dagleg leiar. Stor velvilje vart til glede for eldste bror Ola, som fekk realisert byggjeplanar i Venåsvegen i Oslo i 1981 med byggjehjelp frå far og bror i Hjørungavåg.

© Kopirett - Total-Bygg Hjørungavåg AS | Levert av BLÅTIND Fotografikk