Kontakt oss
Her kjem du i kontakt med oss
Her kjem du i kontakt med oss
Her ser du tidslinja vår
Her kan du lese jubileumsboka vår
Tusen takk for at du syner interesse for heimesida vår. Total-Bygg runda i 2018 60 år som husbyggjar. I seks tiår har vi bygd kvalitetshus for naboar og sambygdingar på Søre Sunnmøre.
Dei siste 20 åra har Total-Bygg også utvikla og bygd ut større bustadområde i eigenregi. Desse prosjekta har vore med på å prege tettstadutviklinga i Ulstein og Hareid kommunar. Arkitekturen har følgd trendane i tida. Frå tradisjonelle fleirmannsbustader seint på 1990-talet, og fram til dagens modernistiske og funkisinspirerte husvære i dag.
Bustadkjøpet skal vere ein positiv og oversiktleg prosess der kunden heile tida kjenner den endelege prisen for huset. På våre nøkkelferdige hustypar har vi difor lagt opp til ein så høg og innhaldsrik standard at det ikkje skal vere naudsynt å gjere oppgraderingar. Det er sjølvsagt alltid nokon som ønskjer å investere litt ekstra i til dømes kjøken, trapp eller anna, og vi tilbyr slike meirsal til svært konkurransedyktige prisar. Vi skiljer oss slik frå dei fleste andre aktørane i bransjen, som ofte basererer seg på ein låg innsalgspris og deretter kostbare oppgraderingar for å oppnå ønskt standard.
Som kunde hjå Total-Bygg får du stor valfridom inkludert i prisen. Du får fri tilgang til utstillingslokalet året rundt, og du kan velje i eit stort utval av innreiingar, produkt og materialar. Alle kundane våre får dermed komponere sin draumebustad, og til ein svært fordelaktig pris.
Som bustadkjøpar skal du kjenne deg trygg, og vi i Total-Bygg ønskjer å levere hus med gode bruks- og vidaresalsverdiar. Kundane får tilgang til huset under byggeprosessen*, og får såleis ein unik sjanse til å følgje med på arbeidet og framveksten av sin nye heim. Investeringa i eigen bustad er for mange den viktigste vi gjer gjennom livet. Vi opplever at tryggleiken ved å kunne følgje byggeprosessen er viktig for mange.
I tillegg har Total-Bygg i seinare tid teke i bruk VR-teknologi. Dette går i korte trekk ut på at vi scannar alle husa vi byggjer i 3D, slik at kundar og interessentar ved hjelp av VR-briller kan «vandre» gjennom husa virtuelt – utan å fysisk gå inn i dei. Dette er ei stor hjelp for alle som skal byggje seg hus, og kan sjå huset i eit realistisk format i staden for på eit teikneark.
Total-Bygg er av bedriftene som har heldt ut lengst i ein tøff bransje. Inne i vår sekstiførste leveår har vi opparbeidd oss ein sterk posisjon lokalt, og eit breidt kontaktnett inn mot både kommunar, bransjen og andre relevante aktørar. Ved å velje Total-Bygg vel du samstundes ein aktør som har rundt 300 nybygg og omtrent 5000 større og mindre jobbar bak seg. Vår bakgrunn og historikk er din garanti for at jobben vert utført på ein fagmessig måte og til rett tid.
Total-Bygg har vore innom dei fleste byggemetodar: Vi har bygga hus frå botnen av på den tradisjonelle måten, til precut, fresa precut og elementbygg. Frå midten av 1990-talet og fram til ca. 2010 produserte vi eigne bygningselement i våre lokale i Hjørungavåg. Heller enn å produsere elementhus sjølve kjøper vi no lokalproduserte element frå dei mest velrennomerte elementprodusentane på Sunnmøre. Vi nyttar berre uisolerte element, og isolerer først når husa er tette og tørre. Før arbeidet med isolering, plasting og platekledning startar, gjennomfører våre byggeleiarar fuktmålingar på bygga for å sikre at konstruksjonen er tørr nok til at arbeidet kan ta til. Dette – kombinert med svært kort transportveg – gir kunden ekstra tryggleik for at huset ikkje inneheld negative overraskingar.
Vi nyttar utelukkande kvalitetsprodukt frå anerkjende norske leverandørar på husa våre: Royalkledning, fasadeplater, vindauge, takverk, bjelkelag, precut, isolasjon, grunnmurselement vert alle kjøpt inn frå norske kvalitetsleverandørar. Lista er ikkje uttømande. Ved å velje norske kvalitetsleverandørar med lang fartstid gir vi våre kundar ein ekstra tryggleik: Visse om at våre leverandørar vil eksistere i uoverskodeleg framtid, og at dei er enkelt tilgjengelege om det skulle vere behov for dei i framtida.
Vi takkar for tilliten de syner ved å velje Total-Bygg som leverandør – vi skal gjere vårt ytterste for at de skal verte nøgde ☺
Total-Bygg Hjørungavåg AS