Frittståande einebustad på eiga tomt
Ny og elegant einebustad lokalisert på delområde KS3 i Hovsetsvingane ovanfor Høddvoll, Ulstein kommune. Tomta til huset er utskild med eige gards- og bruksnummer. Dette er også ei av dei aller flottaste tomtene i feltet, og bustadene vert liggande flott til med nydeleg utsikt utover skjærgården, Herøy og vidare utover storhavet. Råbygget er no kome opp, og potensielle kjøparar kan no ha visning i huset slik at ein med sjølvsyn ser kor flott dette vert.
Området ligg nær fritidstilboda på Høddvoll, skular og barnehagar. Umiddelbar nærleik til tursti og bakanforliggjande turområde.
Ta kontakt for meir informasjon, teikningar, leveranseskildringar og målsette planteikningar for dei respektive hustypane.
Inkludert i prisen er garasje på heile 50 kvm, samt asfaltert uteareal (ihht situasjonsplan) og tilsådd plen. Alle naudsynte murar er inkludert i prisen. Huset får dermed ei komplett ferdigstillingsgrad både utvendig og innvendig – her får du mykje for pengane!
Tomta er frådelt med eige gards- og bruksnummer, slik at tomtene ikkje vert eit sameige: Her disponerer du di eiga tomt! Tilkomstvegen for tomtene vert liggande med eit eige gards- og bruksnummer, og vert fordelt på tomtene med 1/7 kvar og med tinglyst vegrett for alle. Det er inngått avtale om brøyting av tilkomstveg, og kostnaden for dette vil utgjere ca. kr 1250 per hus per år.
Materialval og kundetilpassingar
H26B er ein einebustad av hustype 2 ELLEN SIGNATUR. Sjå http://www.total-bygg.no/huskatalog/hustype-2-ellen/ for utfyllande informasjon om hustypen.
Då det ikkje var kjøpar på huset ved oppføring, har Total-Bygg avgjort planløysinga på huset (tilsvarande planløysinga synt på bilda i annonsen). I 1. etasje vert det inngang frå vest, dør mellom entre og kjellarstove og muligheit for walk in closet på hovudsoverommet. I 2. etasje har vi vald den mest vanlege løysinga med både soverom og bad, i tillegg til eit stort og ope kjøken.
Planløysinga vi har vald samsvarer med huset vi har VR-visning av. Ved å sjå på 3D-modellen får du altså eit svært godt inntrykk av korleis planløysinga for huset vert sjåande ut.
Jf. informasjon under så har Total-Bygg eit eige showroom i Hjørungavåg der kunde får velje fritt mellom eit stort utvalg av parkettar, laminatar, fargar, innreiingar og andre materialar som alle er inkluderte i prisen. I den grad kunde ønskjer å gjere reine oppgraderingar av materialane (til dømes ei dyrare trapp) så betaler kunde kun netto kostpris utan forteneste til Total-Bygg. Vi er difor trygge på at vi tilbyr marknadens mest kundevenlege modell for hussal!
Kortfatta leveranseskildring
Merk at leveranseskildringa under ikkje er komplett, og vi ber interessentar ta kontakt for å få tilsendt komplett leveranseskildring og romskjema for prosjektet.
1. etasje: Entre, bad, kjellarstove, vaskerom, soverom 1-3(4), bod og evt. walk in closet.
2. etasje: Stove/spisestove, kjøken, bad og soverom 4 (evt. 5, evt. bod/kontor). Utgang til veranda frå stove, og til bakhage frå kjøken.
Konstruksjon: Husa vert levert med 20 cm isolasjon i veggar, 30 cm isolasjon i tak og 25 cm isolasjon i golv. Det vert etablert radonsperre i golv i henhald til forskriftskrava, og det vert støypt ca. 10 cm armert betongplate. Bordkledning vert levert royalimpregnert type Setersvart frå Talgø, samt kvite Formicaplater. Aluminiumskleidde trevindu type svart frå Natre. Bjelkelag og takstolar frå PreTre (eller tilsvarande). Tak vert tekka med bitumenbasert membran. Alle produkt er sertifiserte og godkjende etter gjeldande forskrift.
Veggar og tak på opphaldsrom (entre, stove, kjøken, kjellarstove og soverom): Gips med listefrie tak og vindauge. Gips i tak. Måla i valfri farge. Det vert montert stålprofilar i overgangar mellom veggar og tak for å minimere risiko for sprekker og krakkelering i gipsen.
Veggar og tak på vaskerom og bod: Ferdigmåla veggplater (Huntonitt) av type Microfuge kvit. Måla takplater i himling.
Parkett: 1-stavs parkett (plank) parkett frå Tarkett av type Shade eik cream white midiplank eller Shade eik evening grey midiplan frå Tarkett. Eventuelt valfri høgtrykkslaminat frå Berry Alloc av serie Grand Avenue eller Original.
Fliser: Kunde får velje mellom eit stort utval fliser hjå våre leverandørar: Fagflis (Flisform), Modena, Fliskompaniet mv.
Baderom: Kunde får velje i eit stort utval baderomsplater (leverandør Fibo). Det er mulig å kombinere ulike plater for å designe eit bad etter eige ønskje. Flis på veggar er mulig etter avtale.
Entre/gang: Varmekabel. Parkett eller flis på golv (fritt val). Lys i form av downlights med dimmar i himling. Gips på veggar og i tak. Skyvedørsgarderobe (ca. 150 cm) med glasfrontar (valfrie frontar).
Bad (2. etasje): Varmekabel. Servantskap av type Mari 120 cm frå Linn Bad med porselenservant (andre modellar kan veljast ved ønskje) med valfri finish. Høgskap av type Mari 40 cm frå Linn Bad med dør og hyller. Spegl med aluminiumsramme og belysning. Flislagd golv med varmekablar. Baderomsplater frå Fibo. Dekorativt vegghengt klosett med glasramme av type Monolitt (evt. vegghengt toalett utan Monolithe sisterne). Elegante dusjveggar med fast glasfelt og dør frå Viking Bad. Mekanisk avtrekk. Lys i form av downlights i himling med dimmer. Oppgradert toalettskål av type Alterna M3 Easyclean, og regnndusj.
Bad (1. etasje): Lys og moderne baderomsinnreiing med 120 cm servantskap av toppmodellen Mari frå Linn Bad. Porselensservant. Speil med aluminiumsramme og belysning. Høgskap type Mari med dør og hyller. (Andre modellar kan veljast etter avtale). Flislagd golv med varmekablar. Baderomsplater frå Fibo. Elegante dusjveggar med fast felt og dør frå Viking Bad. Mekanisk avtrekk. 3 downlights i himling med dimmer. Oppgradert toalettskål av type Alterna M3 Easyclean, og regnndusj.
Vaskerom: Flislagd golv og måla veggplater. Varmekabel på golv. Belysning i himling. Opplegg for vaskemaskin. Skyllekar og varmtvasstank. Unit for sentralstøvsugar og balansert ventilasjon vert plassert på vaskerom eller bod (etter avtale).
Kjøken: Gips med listefrie tak og vindu. Kjøkeninnreiing og kvitevarer er inkludert med kr 100 000,- og kan nyttast hjå våre leverandørar Sigdal eller Aubo, eller annan valfri leverandør. Kjøken kan oppgraderast utover dette beløpet, eller trekkast ut etter ønskje. Det vert gitt uttrekk krone for krone ved eventuelt uttrekk. Belysning i form av downlights i himling på kjøken med dimmer.
Stove: Lampepunkt over spisebord (plassering ved avtale), og belysning i form av downlights i himling med dimmer. Varmepumpe av type Mitsubishi Kaiteki eller tilsvarande. Opplegg til tv. Gode lysforhold. God plass til sitjegruppe, salongbord og evt. eiga adskilt TV-stove. Utgang til veranda.
Kjellarstove: Parkett/høgtrykkslaminat (valfritt). Gips på veggar og tak. Belysning i form av downlights i tak.
Soverom (felles): Parkett/høgtrykkslaminat (valfritt) på alle rom. Skyvedørsgarderobe med glasfrontar frå Leba på hovudsoverom – elles garderobeskap på resterande soverom. Lampe (eller opplegg for lampe) i himling etter ønskje.
Bod under trapp: Parkett/laminat på golv. Romslig plass til å «stue bort» ting og tang. Belysning på vegg.
Oppvarming: Varmepumpe som hovudvarmekjelde. I tillegg er det inkludert varmekabel på 5 rom (begge bada, vaskerom, entre og kjellarstove). Det vert også (i tråd med forskriftskrav) lagt inn membran, kryssfiner og etablert takhatt slik at det enkelt kan ettermonterast vedomn med stålpipe. Omn kan etter nærare avtale også monterast i samband med bygginga.
Parkering: Alle husa har frittståande 50 kvm garasje inkludert i prisen, og i tillegg har alle husa gjesteparkering på asfaltert uteareal.
Hageareal: Levert med komplett finish ihht vedlagte situasjonspan.
Total-Bygg – Kvalitet og integritet sidan 1958
Noko av det viktigaste i livet er
heimen. Der du er deg sjølv,
Kanskje skaper familie, ser born
Vekse fram. Alle kvardagane.
Festdagar. I over 60 år har
Total-Bygg Hjørungavåg AS
bygd husa som folk har flytta inn i og levd liva sine i.
Dette gjer bedrifta til ei av dei viktigaste i Hjørungavåg.
Tusen takk for at du syner interesse for hustype 2 Ellen Signatur frå huskolleksjonen vår. Total-Bygg har runda i 2018 60 år som husbyggjar. I seks tiår har vi bygd kvalitetshus for naboar og sambygdingar på Søre Sunnmøre.
Dei siste 20 åra har Total-Bygg også utvikla og bygd ut større bustadområde i eigenregi. Desse prosjekta har vore med på å prege tettstadutviklinga i Ulstein og Hareid kommunar. Arkitekturen har følgd trendane i tida. Frå tradisjonelle fleirmannsbustader seint på 1990-talet, og fram til dagens modernistiske og funkisinspirerte husvære i dag.
Bustadkjøpet skal vere ein positiv og oversiktleg prosess der kunden heile tida kjenner den endelege prisen for huset. På våre nøkkelferdige hustypar har vi difor lagt opp til ein så høg og innhaldsrik stsandard at det ikkje skal vere naudsynt å gjere oppgraderingar. Det er sjølvsagt alltid nokon som ønskjer å investere litt ekstra i til dømes kjøken, trapp eller anna, og vi tilbyr slike meirsal til svært konkurransedyktige prisar. Vi skiljer oss slik fråd ei fleste andre aktørane i bransjen, som ofte basererer seg på ein låg innsalgspris og deretter kostbare oppgraderingar for å oppnå ønskt standard.
Som kunde hjå Total-Bygg får du stor valfridom inkludert i prisen. Du får fri tilgang til utstillingslokalet året rundt, og du kan velje i eit stort utval av innreiingar, produkt og materialar. Alle kundane våre får dermed komponere sin draumebustad, og til ein svært fordelaktig pris.
Som bustadkjøpar skal du kjenne deg trygg, og vi i Total-Bygg ønskjer å levere hus med gode bruks- og vidaresalsverdiar. Kundane får tilgang til huset under byggeprosessen*, og får såleis ein unik sjanse til å følgje med på arbeidet og framveksten av sin nye heim. Investeringa i eigen bustad er for mange den viktigste vi gjer gjennom livet. Vi opplever at tryggleiken ved å kunne følgje byggeprosessen er viktig for mange.
Lokal kjennskap og norske kvalitetsprodukt:
Total-Bygg er av bedriftene som har heldt ut lengst i ein tøff bransje. Inne i vårt sekstiførste leveår har vi opparbeidd oss ein sterk posisjon lokalt, og eit breidt kontaktnett inn mot både kommunar, bransjen og andre relevante aktørar. Ved å velje Total-Bygg vel du samstundes ein aktør som har rundt 300 nybygg og omtrent 5000 større og mindre jobbar bak seg. Vår bakgrunn og historikk er din garanti for at jobben vert utført på ein fagmessig måte og til rett tid.
Total-Bygg har vore innom dei fleste byggemetodar: Vi har bygga hus frå botnen av på den tradisjonelle måten, til precut, fresa precut og elementbygg. Frå midten av 1990-talet og fram til ca. 2010 produserte vi eigne bygningselement i våre lokale i Hjørungavåg. Heller enn å produsere elementhus sjølve kjøper vi no lokalproduserte element frå dei mest velrennomerte elementprodusentane i landet. Vi nyttar berre uisolerte element, og isolerer først når husa er tette og tørre. Før arbeidet med isolering, plasting og platekledning startar, gjennomfører våre byggeleiarar fuktmålingar på bygga for å sikre at konstruksjonen er tørr nok til at arbeidet kan ta til. Dette – kombinert med svært kort transportveg – er kundens tryggleik for at huset ikkje inneheld negative overraskingar.
Vi nyttar utelukkande kvalitetsprodukt frå anerkjende norske leverandørar på produkta våre: Royalkledning, fasadeplater, vindauge, takverk, bjelkelag, precut, isolasjon, grunnmurselement vert alle kjøpt inn frå norske kvalitetsleverandørar. Lista er ikkje uttømande. Ved å velje norske kvalitetsleverandørar med lang fartstid gir vi våre kundar ein ekstra tryggleik: Tryggleik for at våre leverandørar vil eksistere i uoverskodeleg framtid, og at dei er enkelt tilgjengelege om det skulle vere behov for dei i framtida.
Vi håper du vel oss som leverandør av din neste heim, og lovar å gjere vårt ytterste for å innfrå forventningane.
VR-syning / visning
Visste du at dei fleste av hustypane våre er scanna, og kan sjåast i 3D-format (og med VR-briller)? Klikk på lenka til høgre i annonsemargen for å sjå huset i VR. Frå andre halvdel av oktober vert det også rigga opp VR-utstyr i våre kontorlokale på Hjørungavåg der interessentar kan «vandre» gjennom det ferdige huset – utan å fysisk vere til stades.
Huset er også under bygging, og for kundar som ønskjer ei visning på byggeplass så kan dette ordnast på dagen.
Ta kontakt for uforpliktande visning, møte eller meir informasjon.
Matrikkelinformasjon
Kommunenr: 1516
Gårdsnr: 9
Bruksnr: 529