- HUSTYPE
- Hovudinngang
- Tomtetype
- Bruksareal (BRA) Standard type
- Bruksareal (BRA) Signatur
- Bustadareal (P-rom) Standard type
- Bustadareal (P-rom) Signatur
- Antal soverom
- Antal stover
- Antal bad
- Antal vaskerom
- Altan
- Garasje
- Etasjar
- JORUNN
- 2 Etasje
- Skrå
- 199 kvm
- 206 kvm
- 184 kvm
- 191 kvm
- 3-6
- 2-3
- 2-3
- 1-2
- 13 – 50 kvm
- Frittståande
- 2
Med hjarterom for gjestar
Visste du at hustype 10 JORUNN er namngjeven etter Jorunn Nedrelid, kona til grunnleggar Knut? Jorunn var ei dame som alltid hadde tid til gjestar, og alle vart tekne godt i mot. Ingen skulle svelte etter eit besøk på Ytrebø! Jorunn emna å skape ein varm og open heim der alle kjende seg velkomne. Vi håper at hustype 10 JORUNN kan vere eit godt fundament for ein god heim for flest mogeleg i framtida!
Meir av det gode
Hustype 10 JORUNN er ein utvida variant av hustype 1 EDVARD, og deler design og planløysingar med sin mindre slektning. Huset har eit areal på heile 200 m2 (BRA), i tillegg til veranda. Hovudhensikta med hustype 10 JORUNN var å kunne etablere sokkelleilegheit, men å likevel behalde ein stor del av huset til primærbustad. Dette gjer hustype 10 JORUNN til eit godt alternativ for barnefamiliar som ønskjer ei ekstra inntekt, og i tillegg treng stort areal for seg sjølv. Hustype 10 JORUNN byr på begge deler.
Tilrettelegging etter behov
Hustype 10 JORUNN kan leverast med rullestolheis med sjakt. Det er også mogleg å prosjektere inn ei utsparing i bjelkelaget slik at rullestolheis enkelt kan monterast på eit seinare tidspunkt. Med ei slik tilrettelegging vert trapper inga hindring!
Moglegheit for separate lydsoner
Trapperommet i hustype10 JORUNN knyt saman kjøken og stove i 2. etasje, og kjellarstova i 1. etasje. Løysinga er spesielt fin med tanke på at den framhevar trappa som eit «smykke» i huset. For dei som ønskjer ei mindra open løysing er det mulig å dele huset inn i ulike lydsoner ved å etablere ein vegg ved trapperommet i 1. etasje. Opphaldsromma vert då fysisk skilde frå kvarandre, og romma kan enklare nyttast samstundes utan lydoverføring mellom sonene.