- HUSTYPE
- Hovudinngang
- Tomtetype
- Bruksareal (BRA) Signatur
- Bustadareal (P-rom) Signatur
- Antal soverom
- Antal stover
- Antal bad
- Vaskerom
- Garasje
- Etasjar
- Toalettrom
- LINA
- 1 etasje
- Skrå (bratt)
- 109 kvm
- 86 kvm
- 3
- 1
- 1 (underetasje)
- Ja
- Carport
- 2
- 1 (hovudetasje)
Livlege Lina
Hustype 14 Lina Original er ein praktisk og svært godt utnytta einebustad med 3 soverom, stove, bad, wc og eit meget funksjonelt vaskerom. Hustypen er av ein slik storleik at det også – til tross for flott design og kvalitet – vert eit kostnadseffektivt alternativ mange vil setje pris på.
Praktisk kvardagsluksus
Hustype 14 LINA er ein flott einebustad med eit bruksareal på heile 109 kvm (BRA) med ein stor og romsleg balkong plassert over carport.
Til tross for det luksuriøse inntrykket og den høge standarden, er det likevel kanskje dei praktiske løysingane som er mest imponerande. Bebuarane køyrer direkte inn i eigen carport, og har derifrå direkte inngang til bustaddelen anten via boda bad, som igjen har passasje mot vaskerommet, eller via hovudinngangen på husets direkte sidevegg. Her kan du gå tørrskodd til og frå bilen, eller borna som har leika kan gå via bod til vaskerommet med skitne utedressar.
Planløysingane er gjennomarbeidde, men det er også mulig å tilpasse huset etter eigne ønskjer. Huset har stove og kjøken, toalett og eitt soverom i hovudetasjen, to soverom, bad og hovudinngang i underetasjen. Dette, kombinert med vaskerom og ei praktisk bod, gjer at huset tilfredsstiller dei fleste krav til både funksjonalitet og design.