- HUSTYPE
- Hovudinngang
- Tomtetype
- Bruksareal (BRA) Standard type
- Bustadareal (P-rom) Standard type
- Antal soverom
- Antal stover
- Antal bad
- Antal vaskerom
- Veranda
- Integrert carport
- Etasjar
- INGEBORG
- 1 Etasje (rullestoltrapp / heis)
- Skrå
- 84 kvm
- 76 kvm
- 1-3
- 1
- 1-2
- 1
- 26 – 32 kvm
- Ja
- 3
Populære Ingeborg
Ingeborg er humørfylt, praktisk, velorganisert og har auge for detaljar. Ho er ryddig og likar å stue bort ting som ikkje er i bruk. Ingeborg er oppteken av design, både innvendig og utvendig, og ser sjølv veldig flott ut.
Alt på eitt plan
Hustype 5 INGEBORG er leilegheiter der både design og praktiske omsyn er vektlagde. Modellen har eit modernistisk og funkisliknande uttrykk med store vindauge, glasrekkverk på altanane og 270 cm innvendig takhøgde. Samstundes har alle leilegheitene stor carport og ei ca. 20 m2 stor bod på første plan. Det er også tilkomst med rullestolheis med sjakt (løfteplattform) til alle leilegheitene.
Dette, i kombinasjon med at leilegheitene har ca. 30 m2 balkong kvar, gjer hustype 5 INGEBORG til ein heim der du kan bu og trivast nær sagt uavhengig av helsesituasjon og alder. Leilegheitene har difor også vore populære i alle kjøpargrupper – frå førstegongskjøparar til seniorar med behov for tilrettelegging.
Ideell ved flytting frå einebustad til leilegheit
I 1. etasje har alle leilegheitene ei eiga bod på om lag 20 m2. Etternærare avtale er det også mogleg å legge opp vatn og avløp i bod. Har du eit stort hus som skal ryddast ut, og ønskjer å ta vare på «ting og tang»? I hustype 5 INGEBORG vert dette ikkje noko problem.