
1985 - Konkurranse mot ferdighusa
Ei utfordring er at byggjebransjen har alltid gått litt i bølgjedalar, meiner Jostein. Han ville finne eit konsept som ikkje andre kunne tilby.
Ein idé var å konkurrere mot ferdighuskonsept i ein avgrensa marknad. Total-Bygg gjekk inn i samarbeid med sivilarkitekt Berge Hjørungnes om teikning av hus til kundar.
– Vi følte også behov for å komme med i eit større felleskap for å kunne tilby større breidd av hustypar, tilgang til teikningsarkiv og teiknetenester og betre innkjøpsordningar. Valet fall på det som i dag er Byggmann-gruppen. Med dette vart Total- Bygg ein meir proff aktør, meiner Jostein.
Frå tidleg 80-tal kom også byggmeister Olav Sindre Pilskog med på eigarsida og som tilsett, noko som styrkte kompetansen og konkurransekrafta til Total-Bygg. Han arbeidde først fleire år som innleigd tømrar, men kjøpte seg seinare inn som eigar med 50 prosent, og han var ein sentral fagressurs. I 2013 gjekk Olav Sindre ut av selskapet ved at Jostein kjøpte aksjane hans, og Thor Ove kjøpte deretter ein del av desse slik at eigarforholdet var 60–40 i favør av Jostein. Totalt har Olav Sindre vore engasjert i Total-Bygg i meir enn 30 år. Han har såleis vore ein av dei aller viktigaste personane i bedrifta. Byggelaget tok no for alvor opp konkurransen mot ferdighusa. Jostein og Olav Sindre følgde med i byggforsking og nye trendar.
– Kvalitet også teknisk er vi nøye med. Vi ser ofte typehus som ikkje høver her i distriktet. Til dømes held som regel ikkje typehus tiltenkt austlandsmiljø mål i nedbørsklimaet på Sunnmøre, sa dei til bladet Søre Sunnmøre i 1985, der det også kom fram at dei bygde fire–fem hus i året.
Lidvard Liaset var også inne på eigarsida. På tidleg 2000-tal vart det fusjon med byggmeister Kjell Alme i Hareid. Josteins son Audun Nedrelid var som styreleiar på denne tida sentral i arbeidet med å strukturere og utvikle selskapet. Stikkord: bygging av lager, opning av butikk, oppkjøp av tomter, vidareutvikling av feltutbyggingar. Men å tilby teikning og tilpassing av hustypane til kvar enkelt kunde kravde mykje tid og ressursar. Og det var slett ikkje alle det kom noko ut av, hugsar Jostein og fortel:
– Det enda med at vi heller ville prøve å tilby kundane gode konsept der vi sjølve stod for utviklinga av hustypane på eigne tomter.