2005 - Nytt namn og nye ambisjonar

Ein meir ambisiøs strategi med ny logo og namnet Total-Bygg Hjørungavåg AS signaliserte at firmaet no tok mål av seg til å stå for heile produksjonsløpet fram til ferdig bustad.

Ei stor satsing med ny logo og nytt namn var nødvendig. Total-Bygg Hjørungavåg AS gav signal om offensiv tenking. I 2005 blir det fusjon med konkurrenten byggmeister Kjell Alme med Total-Bygg som overtakande selskap. Ein satsar breitt og overtek «gamlebutikken» i Hjørungavåg som gir gode kontorfasilitetar, og kan flytte frå dei meir primitive kontorlokala ved det gamle fryseriet – alt lokalisert ved kaia inst i Liavågen. I tillegg vert det i 2004–2005 oppført eit rasjonelt tilbygg på 350 kvadratmeter til lageret. Då det stod ferdig, var det ei stor opningsmarkering med servering av heimelaga lefser og sveler.

Byggelaget vart medlem i Byggmanngruppa, tanken var at det skulle gje marknadsfordelar og stordriftsfordelar og rimelegare kostnader. Jostein satsa vidare på både feltutbygging og utsalg av byggvarer i eigen butikk med lang opningstid. Tidlegare vart det også starta eigenimport av golv- og veggflis frå Tyskland. Det var Josteins jobb å lage strategiar for å møte utfordringane. Han prøvde med

  • nye produkt, import av vegg- og golvflis
  • butikk med lang opningstid
  • fusjon og fleire tilsette
  • feltutbygging

I 2005 hadde Total-Bygg i alt 13 tilsette. Kjellrun Nedrelid var ein av dei; i eit kvart hundreår var det ho som møtte kundane på kontoret og i butikken. Eit kjent ansikt for alle kundar var også Frank Nykrem, som i 16 år hadde ansvar for både lagersal og prosjektoppfølging. Men mange tilsette gav etter kvart store faste kostnader og lite fleksibilitet. Butikken kravde fast bemanning og gav ikkje nok tilbake, og i 2013 vart butikken stengd.

Leveranse direkte til kvart bygg vart meir vanleg og medførte mindre behov for lager. Det var utsal av lagervarer i 2017, og lagerlokala vart vurdert selde eller utleigde.

© Kopirett - Total-Bygg Hjørungavåg AS | Levert av BLÅTIND Fotografikk